Velkommen til Vangsgaarden Gjestgiveri
Heilt inst i Sognefjorden, omkransa av høge fjell og djupe fjordar, ligg ærverdige Vangsgaarden Gjestgiveri. Her har familien Ohnstad-Stigen teke vare på tradisjonar som strekkjer seg tilbake til 1700-talet. Hit kom dei engelske lakselordane for å fiske i den velkjende Aurlandselva utover 1800-talet. Seinare har gjester frå fjern og nær funne vegen inn til den idylliske fjordbygda. I dag finn du hotellrom, restaurant og rorbuer i dei gamle husa på Vangsgaarden.
Følg oss i sosiale mediar:
Betalingsmetoder: Visa, MasterCard, Amex